Næringskundar


Kvam Kraftverk er ei solid bedrift med lang erfaring og høgt servicenivå. Me kan gje god veiledning i val av kraftavtale tilpassa di bedrift. Som kunde hjå oss vil du få tilgang til eige område på internett, der har du mellom anna full oversikt over forbuket ditt, tidlegare faktura og du kan gjennomføra prøveavrekning.

Me kan tilby fleire typar kraftavtalar, avtalar som føl svingningane i marknaden gjennom året, eller avtalar med årlege gitte rammer.

Spotpris er vårt standarprodukt mot næringskundar.

Almenne vilkår for avtalar om kraftpris for næringskundar.


Me kan tilby følgjande produkt:

Spotpris

Spotpris er ein kraftavtale basert på vår innkjøpspris. I tillegg kjem eit påslag basert på årsforbruket av kraft. I mange tilfeller har denne type kraftavtale vist seg i å vera rimelegast over tid. Med ein slik avtale må bedrifta tåla svingningar i prisen, samt usikkerheit i storleiken på framtidige kostnader. Kontrakten har ei kort oppseiingstid.

Fastpris

Fastpris er ein gitt kraftpris for ein bestemt kontraktsperiode, vanligvis 1-3 år. Fastprisen gjev forutsigbarheit. Ettersom fastpristilbudet vil variera gjennom året, er det knytt usikkerheit til tidspunkt for kontraktsinngåelse.

KK Pristak

Pristak er innkjøpspris med pristak. Kraftavtalar som er basert på spotprisen vert anbefalt av dei fleste. Pristak er ein avtale som gjev deg fordelen med spotprisen i lågprisperiodar, men med eit tak på kor høg prisen kan verta i periodar med høge kraftprisar. 

KK forvaltning

KK forvaltning er ein langsiktig kraftavtale for deg som ynskjer stabile og forutsigbare kraftprisar. Årsforbruket av kraft kjøper me inn i små porsjonar kvar veke perioden før levering, i opptil 2 år før krafta vert levert. Du som kunde får ein fast pris for kvart kalenderår, og kan sjølv velga kor stor del av forbruket du ynskjer å prissikra.

Kombikraft

Kombikraft er ein kombinasjon av spotpris og fastpris. Ein inngår ein fastprisavtale for ein del av forbruket, resten vert avrekna til spotpris.