Kvam Kraftverk AS


Historie

Kvam var av dei fyrste bygdene i Hordaland som fekk sitt eige elektrisitetsverk. Kraftverket på Kaldestad og linjenettet vart igangsett i slutten av februar 1913. Kostnaden med denne fyrste utbyggjinga var på 136 000,- kroner. Mellom 1913 og 1934 vart linjenettet utvida, og ein fekk behov for eit større kraftverk. Det vart vedteke å byggja ut Kaldestadvassdraget med ny kraftstasjon, ny røyrledning for heile vassdraget og dam på Solhaug. Det nye kraftverket stod klart i 1936. I mellomtida hadde Strandebarm, som på den tida var eigen kommune, bygd sitt eige Kraftverk på Fosse. Ved heradsreguleringa i 1965, gjekk også dei to kraftverka saman til ei eining.

I dag

Kvam Kraftverk AS driv verksemd på fleire områder i dag. Nettdrift, kraftproduksjon, breiband, varmepumper og kraftomsetning  er nokre av områda. Kvam Kraftverk AS produserer i eit normalår 50 GWh i kraftstasjonane i Strandebarm og Norheimsund. Det tilsvarar omlag 35% av det som vert brukt i vårt nett i løpet av eit år. Linjenettet består mellom anna av omlag 500 km luftledningar, 428 km jordkablar og 330 transformatorar. Utbyggjing, drift og vedlikehald av dette nettet er kvardagen til nettavdelinga.

DSC_3687.jpg
DSC_3669.jpg