Openheitslova

 
 

Kvam Energi arbeider aktivt for ei etisk forsvarleg og berekraftig utvikling.

 

Målet med openheitslova er å fremja verksemder si respekt for grunnleggjande menneskerettigheiter og anstendige arbeidsforhold, samt sikra allmenheita tilgang til informasjon. Det vil seia at lova skal bidra til å redusera risikoen for at selskap årsaker eller medverkar til brot på menneskerettigheiter og brot på arbeidsforhold i verksemda og hjå underleverandører og andre forretningsparter.

 

For Kvam Energi betyr det at me må vera meir opne om korleis verksemda vår påverkar verda rundt oss. Me må gjennomføra aktsemdsvurderingar for å sikra at me ikkje bidreg til negativ påverknad på mennesker, samfunn og miljø. Dette vil ikkje berre gjelda for eiga verksemd, men og for leverandørar og verdikjeda til leverandørane.

 

 

Aktsemdsvurderingar

 

Berekraft er ein integrert del av Kvam Energi sin selskapsstrategi, og forankra i våre strategiske mål.

Me har eit ansvar for alle som jobbar hjå oss, for oss og med oss. Eit av konsernet sine fokusområder er ansvar som ansvarleg leverandørutfordrar. Dette inneber mellom anna å fylgja opp rutinar og driva berekraftig innovasjon i samarbeid med leverandørar.

 

Prosessen rundt aktsomhetsvurdering er basert på «OECD sin veileder for aktsomhetsvurderinger for ansvarlig næringsliv»

 

 

Krav til leverandørar

 

Kvam Energi arbeider kontinuerleg for ei etisk forsvarleg og berekraftig utvikling. Me forventar og stiller krav om at våre leverandørar av varer og tenester og legg dette til grunn for si verksemd og verdikjede.

 

I fyrste omgang vil me sjå på informasjonen me alt har om våre leverandørar, og eventuelt innhenta ytterlegare informasjon om det vert nødvendig. Kartlegginga vil vera

tufta på informasjon om risiko knytt til bransje, geografi og kjend risiko Kvam Energi alt har sett tidlegare.

 

Ut frå den overordna risikoanalysen vil me sjå på dei leverandørar der risikoen er størst, og gjera ei meir detaljert risikovurdering. Ved å sjå funn opp mot dokumentasjon og kunnskap me har om desse leverandørane, vil me kunna få ein viss kunnskap for kor det kan vera risiko for negativ påverknad på mennesker og miljø.