Avtalevilkår

Du må lese gjennom og godta våre avtalevilkår før sending av bestillingsskjema.

Angreretten

Du har rett til å gå ifrå avtalen i løpet av 14 dagar utan å grunngi dette. Angrefristen går ut 14 dagar etter inngåelsen av avtalen.

For å kunne bruke angreretten må du opplyse oss:

Kvam Kraftverk AS, Postboks 64, 5601 Norheimsund Telefon: 56553310 Epost: kundeservice@kvam-kraftverk.no

på ein eintydig måte om at du vel å gå ifrå avtalen (t.d. i eit brev sendt i posten eller e-post). Du kan bruke vedlagte angreskjema, men det er ikkje obligatorisk. For å overhalde angrefristen er det nok at du sender meldinga om at du vil bruke angreretten før angrefristen går ut.

Verknadane ved å bruka angreretten

Dersom du går ifrå denne avtalen, skal me betala tilbake alle betalingane me har motteke frå deg, utan unødig opphald og i alle tilfelle seinast 14 dagar etter den dagen me fekk melding om at du ynskjer å gå ifrå avtalen. Me gjennomfører tilbakebetalinga med same betalingsmiddel som du brukte ved den opphavelege transaksjonen, med mindre du utrykkjeleg har avtala noko anna med oss. I alle tilfelle vil det ikkje kome noko gebyr som følgje av tilbakebetalinga. Dersom du har bede om at utføringa av tenesta (medrekna levering av vatn/gass/elektrisitet/fjernvarme) skal ta til før angrefristen går ut, skal du betala oss eit beløp som står i forhold til det som er utført eller levert fram til du gav oss melding om at du ønskte å gå ifrå avtalen, samanlikna med full oppfylling av avtalen

Angreskjema

Om du ynskjer å benytta deg av angreretten, så fyll ut skjema og send til oss.

Angreskjema

Angrefristen går ut 14 dagar etter at avtalen er inngått. Om du ikkje ynskjer å nytta skjema, så send oss ei melding om at du ynskjer å nytta angreretten til: kundeservice@kvam-kraftverk.no.

Betalingsvilkår

Me avreknar kvar månad basert på faktisk forbruk. Faktura vert sendt ca den 10. kvar mnd, og forfallsdato er 1. i månaden etter. Dvs forbruk i januar skal betalast1.mars.. Om faktura ikkje vert betalt innan fristen, så vert kravet oversendt inkasso for vidare oppfølging.

HøyreGasta Design